Ps: jeg elsker deg

PS: jeg elsker deg!

Tittel: PS: Jeg elsker deg

Forfattar: Cecelia Ahern

Forlag: Bazar forlag

Utgjevingsår: 2004

Sidetal: 510

Ps: Jeg elsker deg er ei bok for ungdom og vaksne, kanskje mest sikta mot jenter. I boka møter ein hovudpersonen Holly, som nettopp har blitt enke i ein alder av 29 år. Ho likar sjølv å tru at ho er veldig sterk og kjem seg gjennom sorga åleine, noko som ikkje er heilt tilfellet. Ein blir og delvis kjend med ektemannen hennar som nett har døydd, gjennom alle lappane han har skrive og gjennom tankane til Holly. Han er draumemannen hennar, noko som ikkje er rart sidan han er godhjarta og verkeleg elskar Holly. I denne triste perioden i livet er Holly ein del med familie og venner, så ein blir og godt kjend med nokre av dei.

 Gerry og Holly er lykkeleg gift, sjølv om dei har sine kranglar innser dei alltid at dei elskar kvarandre høgare enn alt anna i heile verda. Det perfekte livet får ei heilomvending då Gerry brått blir veldig sjuk. Holly sluttar i jobben sin for å vere hos mannen ho elskar den siste tida av livet hans. Då Gerry døyr veit ikkje Holly kva ho skal ta seg til og har vanskeleg for å akseptere at han faktisk aldri vil komme tilbake og halde rundt henne i vanskelege tider, ho skjønnar heller ikkje korleis ho skal kunne komme seg vidare i livet utan han. Dagane stoppar opp og blir brukt til soving og tv-sjåing, og om familie og vennar prøvar å ta kontakt blir dei avviste, for Holly er ikkje særleg interessert i noko kontakt med omverda. Men plutseleg nokre månadar etter Gerry døydde dukkar det opp ein stor konvolutt med ti brev inni. Eit brev for kvar månad framover. Dette er ti brev Gerry skreiv rett før han døydde, dei inneheld nyttige ord og retningslinjer som skal få Holly til å fortsette livet utan Gerry. Alle breva endar med Ps: Eg elskar deg.

Denne boka har blitt mi nye favorittbok. Den er nokså lettlest med ikkje altfor lange kapittel. Handlinga er både morosam og trist, og eg har ledd og grått om kvarandre. Sjølv om den tek opp eit alvorleg tema får forfattaren vinkla det til at det alltid finst håp, og ein sett litt ekstra pris på dei ein står nær og folk ein til vanleg tek forgitt. Eg vil verkeleg anbefala alle jenter i ungdomsåra eller eldre å lese denne vakre og rørande historia om vegen tilbake til livet.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *