Den usynlige broen

TDen usynlige broenittel: Den usynlige broen

Forfattar: Julie Orringer

Forlag: Gyldendal

Utgjevingsår: 2011

I boka Den usynlege broen følger vi ein ung, fattig jødisk gut med namnet Andras Lévi. Andreas er nær knytta til den eldre broren sin Tibor. Begge har vakse opp i Konyar, slettelandet i øst. Vi blir kjende med begge brødrene i det dei snart er ferdige med gymnasium i Budapest. Planen vidare for dei begge er å studere i utlandet. I 1937 reiser Lévi frå Budapest til Paris for å studere arkitektur. Før han reiser frå Budapest lover han Fru Hász, kona til banksjefens, å levere ein koffert til sonen hennar som bur og studerer i Paris. Under møtet med familien Hász, før avreise, får han eit brev i tillegg. Dette skal leverast personleg til ein ven av familien, til ein C. Morgenstern. Denne venen som han møter er ei enke som bur i Paris. Gradvis utviklar dei eit nært forhold. Klara, er ei svært vakker enke som bur saman med dottera si, og jobbar som ballettlærar. Ut i boka får både vi og Andreas vite Klara si mørke hemmelegheit. Kvifor ho er i Paris og kvifor ho bur i eksil.

Krigen i Europa utviklar seg og det blir vanskelegare for dei å vere i Frankrike. Spesielt blir vanskelegare for Andreas å klare seg. På alle mulege måtar. Han blir tvungen til å reise tilbake til Ungarn. Tida dei får i lag og kvar for seg er prega av krigens herjingar. Vi blir med på ei tøff tid i Andreas sitt liv, men håpet om å kome heim til Klara held han oppe også når han er i arbeidsleir.

Boka er rørande og spennande. Den får deg til å føle med dette paret og å heie på Andreas. Den handlar både om sterke familieband, tilfeldigheiter i livet, andre verdskrig og djup kjærleik. Den gripe deg og får deg til å ynskje at den får ein god slutt. Romanen skildrar også kor vanskeleg det var for jødar å leve under andre verdskrig. Leve i frykt kvar dag.

Eg anbefalar boka til folk som likar spennande romantiske bøker. Boka fortel også ein del om historiske hendingar. Dersom ein er interessert i historie kan denne boka gi eit innblikk i korleis jødar prøvde å sleppe unna Hitler og nazistane under andre verdskrig. Den handlar også om tilfeldigheitene i livet og korleis ei hending kan forandre alle draumar. Det er ei romantisk bok som er delvis alvorleg og som kan få deg til å tenkje.

Lese av: June Røv

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *