Ever -for alltid

Ever - for alltid     Ever -for alltid

Tittel: Ever -for alltid

Forfattar: Alyson Noël

Forlag: Kagge Forlag

Utgjevingsår: 2010

Boka Ever -for alltid er første boka i serien «De udødelige». Den populære serien inneheld totalt seks bøker. Ever -for alltid blei gitt ut i 2010, og var på New York Times bestseljarliste i over 34 veker. Boka er skriven av den kjende amerikanske forfattaren Alyson Noël. Opphavleg heiter boka Evermore, men tittelen er oversett til Ever -for alltid på norsk.

Ever Bloom er hovudperson i boka, ho lever eit tøft liv og har mange problem. Ever bur med tanta si i Luanga Beach, California. Etter at heile familien hennar vart utsett for ei tragisk bilulykke som berre Ever kom levande frå, har Ever levd med tanta si Sabine. Ever har etter ulykka fått ei spesiell kraft som går ut på at ho kan sjå auraen til folk, høyre tankane deira og vite heile livshistoria deira berre ved å ta bort i dei. Denne krafta gjer at Ever ikkje er spesielt glad i sosialt samvere og er for det meste for seg sjølv. Ever klandrar seg sjølv for bilulykka og ønskar sjølv at ho hadde døydd i hendinga. Tanta Sabine er ein høgt respektert advokat, som aldri er heime. Ever føler seg ofte einsam, men ho har systera Riley som berre halvvegs døydde i bilulykka og har blitt til eit spøkelse. Riley besøkjer ofte Ever, hjelper ho, snakkar med ho og held ho med selskap.

Ein dag kjem det ein ny gut i klassa til Ever, han heiter Damen Auguste og ber eit mystisk preg over seg. Rarast av alt er at Ever ikkje kan lese auraen, sjå tankane eller livshistoria hans. Damen er rett og slett eit mysterium for Ever. «Kven er Damen Auguste?» er det store spørsmålet som virrar rundt i hovudet til Ever. Medan ho og systera Riley prøver å finne svar, dukkar det berre opp fleire og fleire spørsmål. «Kvifor bur han aleine i eit stort umøblert hus?», «Kvifor er det ingen som veit kven han eigentleg er?», «Likar han Ever?» og mange mange fleire spørsmål står uløyst. Med tida blir berre Ever meir og meir bergtatt av denne mystiske, kjekke, kloke og ikkje minst uimotståelege skapningen.

Boka kjem til å blåse tankane dine vekk frå alt som heiter verkelegheit. Når du først har begynt å lese kjem du ikkje til å stoppe før du er ferdig med boka. Kjærleik, mysterie, frykt, store avgjersler, sakn, overjordiske skapningar og romanse, denne boka har alt! Likte du Twilight sagaen, så vil du elske serien «De udødelige».

Lese av: Vanja Ørstavik Eikrem

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *