Idas dans

950401.bilde.1349947688.x[1]

Ei bok som gjer augene våte

Boktittel: Idas Dans – en mors beretning

Forfattar: Gunnhild Corwin

Forlag: Dinamo forlag

Utgitt i: 2005

Sidetal: 297

Gunnhild Corwin, forfattaren til boka, er mor til 18 år gamle Ida. Ida’s dans er Gunnhild si forteljing om korleis livet vart snudd på hovudet då dotra hennar vart alvorleg sjuk. Ida hadde fått leukemi. Vi følgjer Ida og mor hennar i den 18 månader lange kampen, Gunnhild deler alle sine tankar, opplevingar og meiningar.

Boka handlar om kreft, kjærleik, omsorg og det å kjempe. Ida er ein ung, sprudlande og talentfull ballettdansar. Ho er utruleg modig, og gir absolutt alt ho har for å kunne danse igjen. Leukemien er sterk, og Ida bruker mykje tid sjukehuset. Ho prøver alt ho kan får å halde motet oppe, legar og familie gjer alt for å støtte henne. Men Ida møter sterk motstand, i form av ein krefttype som er vanskelig å overvinne.

Sjølv er eg ikkje glad i å lese, men denne boka klarte eg ikkje å leggje frå meg. Den traff meg rett i hjartet. Ganske mange nordmenn får kreft, også unge. Men vi som ikkje har opplevd det sjølve, anar ikkje korleis det er. Gjennom Gunnhild si forteljing får vi sjå korleis ho har det, og kva som går føre seg i hovudet hennar når den unge dotra får kreft.

Boka er svært rørande, eg må innrømme at eg gret ganske mange tårer. Eg anbefalar den på det sterkaste til absolutt alle som liker å lese historier frå verkelegheita.

Terningkast: 6

Lese av: Maria Engeseth

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *