Hobbiten

 

Tittel: Hobbiten

Forfattar: J.R.R. Tolkien

Forlag: Tiden Norsk Forlag

Utgjevningsår: 1937

Hobbiten er den første boka som blei utgjeven av Tolkien, og den handlar om hobbiten Bilbo Lommelun. Ein dag får han uventa selskap av trollmannen Gandalf som lurer på om Bilbo er interessert i å bli med han på ei reise. Bilbo blir forbausa og seier at Lommelunarar som han sjølv drar aldri ut på nokon uventa reiser, og han takkar nei til tilbodet. Neste kveld kjem det plutselig ein dverg på døra hans, og ein etter der igjen, og ein etter igjen. Til kjem Gandalf også. Dvergane fortel Bilbo at oppdraget deira er å ta tilbake Ensomhetsfjellene frå draken Smaug. Han blir til slutt einig med dei og blir med på denne reisa. Undervegs møter gjengen troll, tusser og mange fleire skapningar.

Boka er bygt opp med mange gode episodar som gjer boka veldig spanande. Den har 19 kapittel og er bygd opp på ein slik måte som gjer at du har lyst til å lese meir og meir når du blar om til neste side. Ein episode i boka som er veldig bra er då Bilbo sit inne i ei hole ilag med Gollum. Dei sit og fortel gåter til kvarandre. Dersom Bilbo vinn skal han bli vist vegen ut derfrå, men dersom Gollum vinn blir Bilbo eten opp. Denne episoden er spesielt spanande fordi måten dei fortel gåter til kvarandre og spenninga rundt kven som vinn eller ikkje er berre heilt fantastisk bra gjort.

Eg vil anbefale denne boka til ungdom og andre fordi dette er noko som nesten alle med vanlege lesekunnskapar klarar å lese og forstå. Den var for meg ei heilt fantastisk bok å lese, men eg er også glad i Ringenes Herre så det var vel ikkje noko stor overrasking. Den passar også for folk som har lest fantasy, men ikkje nokon av Tolkien sine bøker. Om du likar denne sjangeren er dette ei bok du aldri kjem til å angre på å ha lest.

Lese av: Markus Andre Jensen

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *