Jeg lever, pappa


Tittel: Jeg lever, pappa
Forfattar: Siri Marie Sønstelie og Erik Sønstelie
Forlag: Schibsted
Utgjevingsår: 2011
Antal sider: 411
Sjanger: Dokumentar, biografi

Boka handlar om korleis Siri Marie Sønstelie og faren hennar, Erik Sønstelie, opplevde 22. juli og tida etter denne dagen. Siri Marie Sønstelie har vore ein aktiv innan AUF i fleire år og var i 2011 med på AUF sin sommarleir på Utøya for første gong. Ho og faren fortel ope om korleis akkurat dei opplevde dette. Det virkar som om dei har eit tett forhold og dei fortel sine historier fint saman.

Vi kjem ganske tett på både Siri Marie og Erik Sønstelie og liva deira. Handlinga går føre seg i heimen deira, og ikkje minst Utøya. Vi får høyre om kor ho gledde seg til leiren, korleis livet hennar blei snudd på hovudet og korleis ho har klatra seg oppatt. Faren fortel om redsla, fortvilinga og gleda når han fann ut at hans jente var i live.

Boka er veldig fint og ryddig skrive. Erik Sønstelie har tidlegare jobba som journalist, så det skin gjennom at bak boka står det nokon som kan å skrive. Det er også med mange bilete i boka, både private bilete og bilete som har vore i media. I slutten av boka har dei også tatt med historia til andre foreldre som hadde barna sine på Utøya denne dagen. Både heldige foreldre og foreldre som miste ein av sine kjæraste.

Eg personleg likte boka veldig godt. Eg føler den fortel ei viktig historie som treng og bli høyrd. Ein kan ha ein fin lesaroppleving sjølv om tårene trillar, og det var akkurat slik eg følte denne boka var. Veldig trist og vond, men veldig fint skrive. Den handlar ikkje berre om det vonde, men også meistringa av å kome seg oppatt og gledene i livet. Eg vil absolutt anbefale denne boka vidare til andre.

Lese av: Amanda Opsal

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *