Ever – for alltid

Ever - for alltid

Tittel: Ever – for alltid

Forfattar: Alyson Noel

Forlag: Kagge forlag

Utgjevningsår: 2009

Boka Ever Bloom for alltid er ei ungdomsbok som er skriven av Alyson Noel. Boka handlar om Ever, ho er ei jente som nettopp har vore med i ei forferdeleg ulukke som drap heile familien hennar. Ever slit med skyldkjensle, sakn og nye krefter. Ho har oppdaga at ho kan sjå auraen til folk, lese tankane deira og kjenne heile livshistoria deira berre med å ta på dei. Ho prøva å unngå kontakt med andre menneske for å holde tilbake evnene sine, og blir stempla som ein raring på den nye skulen sin. Men alt blir forandra når ho møter Damen Aguste. Han er både vakker og rik og den einaste som kan roe ned alt bråket og energien i hovudet hennar. Ever blir dradd djupare og djupare inn i ei lokkande verda av løyndomar og mystikk. Ho står igjen med fleire spørsmål enn svar. Og aner eigentleg ikkje kven han er eller kva han er. Det einaste ho veit er at ho byrjar å bli skikkeleg forelska.

Boka er bygd opp i korte kapittel, er skriven på ein måte som gjer deg heilt gira på å vite kva som skjer vidare.

Eg anbefaler denne boka fordi den er fengande, mystisk og veldig bra. Små kjekke kapittel som gjer at du vil lese meir og meir.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *