Opp i flammer

Opp-i-flammer_productimage

Tittel: «Opp i flammer» (Catching Fire)

Forfattar: Suzanne Collins

Utgivingsår: 2009

Sjanger: Eventyr, Science fiction

Opp i flammer er den andre boka i den berømte serien «Dødslekene». Boka er skrive av Suzanne Collins. Den første boka dreier seg om heilt uskuldige ungdommar, som har (utifrå eit tilfeldig val) blitt valt ut til å stille i dei såkalla «dødslekene». Dette er ein kamp mellom 24 ungdomar frå 11 til 18 år – ein gut og ei jente frå kvart av dei 12 distrikta i Panem. Kampen går føre seg på ein tillaga arena, der maktene i Capitol kan styre og påverke alt som skjer inne i arenaen. I denne kampen må deltakarane overleve utan nokon form for hjelpemiddel, og drepe kvarandre – heilt til det er berre ein som står att. Vedkommande som står igjen til sist har vunne, og vil leve eit rikt og flott liv i ettertid. Vinnaren har også den fordelen at dei aldri kan bli valt til å delta i «dødslekene» att. Men i denne boka skjer det noko under Dødslekene som aldri før hadde hendt. Det oppstår eit felleskap mellom deltakarane, som trossar maktene i Capitol. I den andre boka får hovudpersonane møte konsekvensane for å ha trossa maktene i Capitol, som viser seg å vere det verste dei nokon gong kunna ha gjort.

Hovudpersonane i denne boka er Katniss Everdeen, og Peeta Mellark. Katniss er ei veldig jordnær jente, som skil seg frå andre jenter. Som ein følgje av at faren hennar døde brått og uventa, fekk mora hennar langvarige psykiske problem. Dette gjorde at Katniss tidleg blei kasta inn i rolla som forsørgar av familen. Difor er Katniss ei veldig modig jente, samt som ho er veldig glad i å jakte. Dette gir ho ein fordel i «leikane». Peeta Mellark er son av ein bakarfamilie, og før leikane levde han eit liv i velstand, i forhold til Katniss. Han har store musklar som følgje av å ha løfta mykje mjøl-sekkar opp gjennom åra, og er veldig flink med dekorasjon. Dette gir han ein fordel til å kjempe, og til å kunne skjule seg i skogen.

Eg likte boka veldig godt. Den var spennande, samtidig som den var rørande og morosam. Den var heller ikkje særleg utfordrande å lese, men det er ei bok som du må lese etter å ha lest den første boka. Viss ikkje, vil ein ha store problem med å skjønne viktige detaljar som blir oppgitt. Boka blei lest på rekordtid, og er absolutt til å anbefale!

Lese av: Vilde Marlene Kristiansen

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *