21. juli – En kjærlighetshistorie fra Utøya

9788203293573_Berg_3 (1)

Tittel: 21. juli – En kjærlighetshistorie fra Utøya

Forfattar: Kristoffer Berg

Utgjevingsår: 2012

Sjanger: 22. juli terroren, kjærleik, sorg, personlege forteljingar, Utøya

 

Boka handlar om den traumatiske opplevinga Kristoffer Berg hadde då kjærasten hans, Guro Vartdal Håvoll, brått vart teke ifrå han på Utøya 22. juli 2011. Han skriv også om dei tunge minna han må leve med resten av livet. I boka fylgjer vi livet hans etter han stod ansikt til ansikt med døden og overlevde. Men han fortel ikkje berre om dei vonde minna, han fortel også om alt det gode som skjedde både 22. juli og i tida før. Han fortel om sorga, saknet og dei kjenslene han har ovanfor det som skjedde. Men sjølv om Guro ikkje lever lenger, har han henne i hjartet og tankane sine, og sjølv om han ikkje kan sjå ho, så skriv han brev til ho og føler at ho fortsatt er der med han.

Han fortel om første gongen han møtte Guro. Det var gjennom AUF dei møttest og, og sjølv om dei var frå forskjellege plassar, fann verkeleg tonen via facebook og MSN der dei hadde lange filosofiske samtalar og drøfta forskjellege tema. Kristoffer var frå Akershus, medan Guro var frå Møre og Romsdal. Grunnen til at boka heiter 21. Juli er at det var dagen før terror angrepet, og det var då dei vart skikkeleg kjærestar

Grunnen til at eg likar så godt denne boka er at eg synes det er fint å lese at ein gut på ein alder av 22 kan filosofere over livet med ein ungt og sorgfullt sinn. Og å miste nokon som ein er så glad i, kan ikkje vere lett. Boka er veldig fin, men veldig trist på same tid. Ein annan grunn til at eg vart interessert i å lese boka er at eg kjenner veslesystera til Guro. Boka gjer slik at ein byrjar å tenke på at ein ikkje må ta livet for gitt, for ein veit aldri når det kan ende. Det er ikkje noko særskilt eg ikkje likte ved denne boka.

 

Lese av: Julie Sofie Reite

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *