Maskeblomstfamilien

9788202235130

Tittel: Maskeblomstfamilien

Forfattar: Lars Saabye Christensen

Utgivingsår: 2004

Lars Saabye Christensen´s “Maskeblomstfamilien” er ein roman som vekker følelsar som sit djupt inne. Ut i frå opplysningane frå boka kan vi anta at historia foregår omkring år 1950 i Oslo. Det er ein nokså dyster roman som tek opp store tema som skam, sorg, identitet og uvitenheit. Hovudpersonen er ein gut i tenåra som blir framstilt som litt annleis. Boka er skrive i 1. person eintal, og vi får derfor innsikt i dei djupe tankane hans. Mesteparten av romanen er basert på desse, til tider ganske tunge, tankane som guten gjer seg opp om forskjellige ting. Ofte kan desse tankane spinne rundt ganske små kvardagslege ting, som eigentlig ikkje har noko å seie. Andre gongar er det større problem som er i hovudet hans. Den elegante balansen mellom tankane til guten og historia, gjer denne boka merkverdig. I tillegg har Saabye Christensen klart å begrense det dystre, slik at det ikkje blir for mykje på ein gong, ved å legge inn små dryss av humor her og der.

Dette er ei svært god bok som tar tak i dystre tema, og framstiller dei på ein ny og fascinerande måte.

 

Lese av: Emil H. Lewe

 

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *