Hulebjørnens klan

9788203206528_Auel_3

Tittel: Hulebjørnens Klan

Forfattar: Jean Marie Auel

Utgivingsår: 1985

 

Titlen til boka er «Hulebjørnens Klan» og er skrive av Jean Marie Auel. Bøkene hennar handlar om livet i Europa for 35000 år sidan. Serien er ein av dei største intenasjonale boksuksessar nokon gang, med 50 millionar solgte eksemplarer hittil. «Hulebjørnens Klan» er den første av dei seks bøkene i bokserien «Jordens Barn». Boka blei utgitt i 1985, men den siste boka i serien kom ikkje ut før i 2011. Aschehoug er forlaget til den norsk-oversette boka.

Historia byrjar med ei jente som blir adoptert av neandertalerar og veks opp som ein av dei. Men trangen ho har for sjølvstendigheit og evne til å tenke og handle raskt, fører etter kvart til at ho kjem i konflikt med klanen sine tradisjonelle måte å leve på. Ho blir ein trussel for deira eksistens.

«… Og pakket ut et glødende kull som var svøpt inn i mose og stappet inn i den hule enden av et uroksehorn. De kunne lage ild, men når de dro gjennom ukjente trakter, var det lettere å ta et kull fra det ene leirbålet og holde det i live til de kunne tenne et nytt bål, enn å prøve å få gjort opp ild på ny hver kveld med ved som kanskje ikke egent seg».

s. 26, Hulebjørnens Klan)

«Den varme gloen fra gårsdagens bål var satt i gang av et gloende kull fra kvelden i forveien og kunne spores tilbake til det bålet de hadde tent på ny av restene fra ildstedet utenfor den gamle hulen. For å gjennomføre de ritene som skulle til for å gjore en ny hule akseptabel som bolig, måtte de tenne et bål av en glo som kunne spores tilbake til det gamle hjemmet deres».

(s. 26, Hulebjørnens Klan)

Utdraget ovanfor er eit av fleire eksempel på Jean M. Auel sine gode skildringar av både gjenstandar og mennesker. Eg tykkjer også at ho har ein imponerande evne til å kople historisk kunnskap saman med eit levande tema. Denne boka passar for alle dei som er interesserte i korleis menneska levde og kva dei gjorde for å overleve for 35000 år sidan. Altså, generelt for dei som har interesse for steinalderen.

 

Lese av: Halvor

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *