Mot nordavinden

mot-nordavinden

Tittel: Mot nordavinden

Forfattar: Daniel Glattauer

Utgivingsår: 2011

Sjanger: kjærleiksroman

 

Mot nordavinden er første boka i ein serie på to bøker. Handlinga går føre seg i ein by i Tyskland.

Det er ei bok som baserar seg på ein e-post dialog. Boka byrjar med at Leo Leike får ein e-post ifrå ei totalt ukjend Emmi, ein dag då Emmi Rothner med ein feiltakelse har klart å sende ein e-post feil då ho prøvde å seie opp eit abonoment på eit dårleg vekeblad. Leo ender opp med å svare eit ironisk svar og då er allereie dialogen i gong. Emmi skriv tilbake og det går ikkje lenge før dei to har fått eit veldig nært forhold til kvarandre. Begge to har ein stor interesse for motparten og dei ønsker begge å møte kvarandre, men det endar alltid opp med utsettelse fordi dei er redde for at det skal øydelegge det forholdet dei har til kvarandre. Det viser seg også ganske raskt at Leo vert veldig betatt av denne mystiske Emmi, medan Emmi er lykkelig gift.

Eg tykte boka var spennande. Den var koselig å lese tiltross for ein smule forvirrande dialogar. Eg synast at forfattaren har formulert e-posten med gode ordval, gode poeng og ein god del humor. Begge hovudpersonane er morosame so dei dreg ein god del vitsar til kvarandre i boka, men samtidig so har begge to ei alvorleg og roleg side. Forfattaren har vore veldig flink til å ikkje røpe heile handliga slik vi må lese litt mellom linjene for å plukke opp kva det er som skjer. Slutten på boka var veldig bra formulert å gjorde valget lett for meg om at eg skulle lese bok nummer to.

Ein ting eg derimot ikkje likte var at somme gongar i boka vart det litt longdrygt, litt mykje «snikk snakk» og tull. Ikkje nok med at det var vanskeleg å plukke opp kven som sa kva, men også vanskeleg å henge med generelt. Men jamt over synest eg det var ei svært god bok som eg vil ambefale vidare.

 

Lese av: Malin Vartdal

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *