Fugl Føniks

Doedslekene-3-Fugl-Foeniks_productimage

Tittel: Fugl Føniks

Forfattar: Suzanne Collins

Utgivingsår: 2010

Sjanger: Eventyr, science-fiction, drama

Fugl Føniks er den siste boka i triologien Dødsleikene. Handlinga er lagt til eit samfunn langt fram i tid – i den gjenverande delen av Nord-Amerika som vert kalla Panem. Landet er delt inn i 12 distrikt i tillegg til ein leiande hovudstad som vert kalla Capitol. Det er svært stor kontrast mellom distrikta og Capitol, og hovudstaden gjer stadig sitt for å undertrykkje dei fattige distrikta. I dei to første bøkene deltek hovudpersonen, Katniss Everdeen, i dei årlege dødsleikane. Her vert 24 tributtar, to frå kvart distrikt, sendt ut på ein milelang arena som er konstruert av Capitol, for å kjempe til berre ein står igjen. I den tredje og siste boka får vi sjå hovudpersonen, Katniss, sterkare enn nokon gong då ho står i spissen for eit opprør mot diktaturet som råder i landet. Det er full krig – Capitol mot distrikta.

 

Likeins som i dei to førre bøkene tar Katniss stadig uventa avgjersler som påverkar heile handlingsforløpet. Boka er sterkt prega av den psykiske kampen Katniss kjemper, og skuldkjensla ho bær på som følgje av tidlegare hendingar. Ein merkar godt at ho har vore igjennom mykje, og ho prøvar hardt å skåne sine nærmaste for all den uretten som råker innbyggjarane i landet. Collins er ikkje redd for å by på overraskande vendingar, til både glede og frustrasjon for lesarane.

 

Sjølv om det tek ei stund før spenningskurva stig, vil eg beskrive handlinga som både intens og spanande. Dei førre bøkene har vorte omtala som både grufulle og groteske, og handlinga har kanskje ikkje vore like realistisk som i denne. Likevel vert vi vitne til at styresmaktene kjører sitt eiget løp og tek livet av sine eigne innbyggjarar, om det so berre er for å kome med ein beskjed til opprørarane. Trass i at boka inneheld mykje elende blir vi også servert ein god dose kjærleik, og endelig kjem det tydelig fram kva Katniss føler om den veltalande bakarguten frå distrikt 12.

 

Boka innfridde forventningane mine. Forfattaren tek oss med til eit heilt anna univers og skildrar på ein slik måte at ein føler seg tilstade der handlinga skjer. Ein vert svært knyta til karakterane som er med, noko som i mitt tilfelle fleire gongar førte til at tårene begynte å trille. Som nemnt vert lesaren stadig møtt av overraskande vendingar, og desse opplevast ikkje alltid like rettferdige. Likevel fekk vi det som etter mi meining var ei perfekt avrunding på ein fengslande triologi.

 

Lese av: Maria Fryd

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *