Tonje Glimmerdal

9788252183429

Tittel: Tonje Glimmerdal

Forfattar: Maria Parr

Utgivingsår: 2009

 

Tonje Glimmerdal er den einaste ungen i Glimmerdalen, ho er den tøffaste jentungen dalen har sett sidan tantene hennar var små. Tonje er ute heile dagen, og faren håpar ho kjem att om kvelden. Mora til Tonje jobbar som forskar på Grønland for å få havet til å slutte å stige. Tonje tilbringer dagane på kryss og tvers over Glimmerdalen. Ho tørr nesten alt og lever etter det tanta hennar Eir seier: Ein treng kun to ting her i livet og det er fart og sjølvtillit.

Tonje Glimmerdal har ein venn i Glimmerdalen, han er over sytti år gammal og heiter Gunnvald. Tonje seier at det er bra Gunnvald har henne og omvendt. Sjølv om det hadde budd ein einaste unge i Glimmerdalen så hadde Gunnvald fortsatt vert bestevennen hennar. Tonje og Gunnvald finn på mykje kjekt saman og har mange prosjekt på gang. Dei har blant anna laga rattkjelke saman, og det er ikkje kva som helst slags rattkjelke, det er rattkjelken som slår alle, og som Tonje har greidd og rennt med heilt ned til ferjekaia med, som ligg 4 kilometer frå Glimmerdalen.

 

Tonje og Gunnvald kjenner kvarandre ut og inn. Men ein dag når Gunnvald måtte på sjukehuset med broten lårhals, finn Tonje ut noko ho helst ikkje ville finne ut av. Ei hemmelegheit Gunnvald har heldt på heile livet hennar. Og som ho ikkje har fått vite om. Då får Tonje noko ho må ordre opp i.

 

Boka om Tonje Glimmerdal er basert på latter, tårer, drama, spenning og musikk. Denne boka gir leselyst til ein kvar. Denne boka er så spennande at du klarer nesten ikkje å legge den frå deg. Boka får deg til å lage eit eige bilde av korleis Glimmerdalen er og korleis det går føre seg. Eg måtte le litt for meg sjølv når eg leste boka, denne boka er både om fart og spenning og kjem med eit viktig bodskap «det er aldri ungane sin feil». Eg likar denne boka veldig godt å har lest den fleire gongar, fordi den er så kjekk og artig. Dette er min type humor og den fikk meg til å le og smile mange ganger. Eg anbefalar denne på det sterkaste.

 

Lese av: Fride Kvangarsnes

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *