Safirblå

Safirblaa_productimage

Tittel: Safirblå

Forfattar: Kerstin Gier

Sjanger: fantasy

Verdt å vite: Safirblå er den andre boka i triologien om 16-årige Gwendolyn som har arva tidsreisegenet.

 

Frå ei tid til ein annan vert det fødd eit barn i Montrose-familien som kan reise i tid. I alle år trudde ein at det var kusina, Charlotte, som arva genet og difor fekk Charlotte opplæring i fektekunst, dansetimar, lære om gamal historie og alt ho må kunne når ein reiser til fortida. Det blir seinare oppdaga at det er Gwendolyn som er innehavar av genet, då ho reiser på si fyrste tidsreise utan å sjølv vere vitande om at det var ei tidsreise. I tillegg til å kunne reise i tid så kan Gwendolyn sjå gjenferd, og i Safirblå vert vi kjend med gjenferdet Xemerius.

Boka fortset historia der den fyrste boka, Rubinrød, slutta. Gwendolyn og Gideon, draumeprinsen som også har tidsreisegenet, har vore i 1912. Der skulle dei registrere Lady Tilney i kronografen, men kusina Lucy og Paul, dei profesjonelle skurkane, dukka opp og skapte trøbbel. På veg tilbake til notida kyssar Gideon Gwendolyn fleire gongar, og Gwendolyn veit ikkje om han verkeleg likar ho eller berre utnyttar ho for å komme nærare likeins som med kusina, Charlotte. Seinare i boka kan ein lese om alle forviklingane og dramatikken, og kjærleiken som utviklar seg mellom Gwendolyn og Gideon.

Eg kan avsløre så mykje at kjærleiken er svært viktig på slutten av boka for plutseleg står det mellom liv og død. Med Safirblå er det slik at dersom du fyrst har byrja å lese – så får forfattaren deg til å lese vidare.

 

Lese av: Anne Thi

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *