Skyggejegerne: Demonenes by

eae2d4b1dac29c1f74e0ad366f86862d

 

Tittel: Skyggejegerne: Demonenes by

Forfattar: Cassandra Clare

Utgivingsår: 2011

Sjanger: Fantasy

Handlinga tek til i New York der 15 år gamle Clary Fray blir vitne til eit mord utanfor diskoteket Pandemonium Club. Ho møter tre mennesker som viser seg å vere skyggejegerar, krigerar som forsøker å bekjempe demonar. Etter kvart som ho blir betre kjend med skyggejegeren Jace, blir ho introdusert for New Yorks underverden, der det finst både demonar, vampyrar og hekser.

Etter at Clarys mor forsvinn sporlaust og Clary sjølv blir angripen av ein demon, byrjar ho å tvile på om mora hennar virkeleg var den ho trudde ho var og om Clary er ein av dei få som kan sjå verda slik ho verkeleg er.

 

Eg tykte at boka var veldig bra fordi at sjølv om det er ei fantasybok er den ikkje «barnsleg skrive». Den er godt skrive og har mange uventa moment. «Demonenes by» er den første boka i serien om skyggejegerane, og den sluttar på ein måte som gjer at ein sitt igjen med mange ubesvarte spørsmål og ein berre lese neste bok.

Eg synes også at boka er bra fordi handlinga skjer midt i New York og ikkje i nokon oppdikta by. Det er nesten sånn at ein byrjar å tenkje at det kanskje finst ein verkeleg underverden.

 

Vil heilt klart anbefale denne boka, spesielt til dei som interesserer seg for fantasy.

 

Lese av: Sunniva Boye-Olsen

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *