Boktips frå skulebiblioteket

Murari_Den talibanske cricketklubben_trykk NYTittel: Den talibanske criketklubben
Forfattar.: Timeri N. Murari
Utgivingsår: 2013

 

«Den talibanske cricketklubben» er ein engasjerande og spennande roman om å leve under Taliban sitt regime i Afghanistan.
Rukshana er journalist og har tidlegare jobba i Kabul Daily. Sidan Rukhsana har skrive kritiske artiklar om forholda under Taliban måtte ho slutte, men ho har halde fram med å publisere artiklar anonymt. No er ho igjen kalla inn til ein av talibans ministrar, og tenkjer at ho er avslørt.
Men møtet med Taliban vert heilt annleis enn forventa, for det vert annonsert for journalistane at Taliban vil tillate sporten cricket for gutar, og slik vise verda at Afghanistan er humant og demokratisk.
Det skal arrangerast ein stor konkurranse, der vinnarlaget får reise til Pakistan for å trene og seinare kunne konkurrere internasjonalt.
Rukshana har tidlegare studert i Dehli og lært cricket der, og no vil ho lære bort sporten til lillebroren Jahan og fetrane sine, slik at dei får sjansen til å vinne konkurransen og kunne reise frå det undertrykte Afghanistan til eit liv i fridom. Dette vert eit svært risikofylt prosjekt, som verkeleg set alle i fare.
Rukhsana har og planar om å flykte til USA, til han ho er trulova med, men på grunn av si sjuke mor har ho utsett dette lenge. No byrjar det verkeleg å haste, for ein av talibans ministrar ønskjer å gifte seg med henne.
Les historien om Rukhsana og hennar næraste, og la deg rive med av deira kamp for fridom og kjærleik.

 

 

 

 

 

Dette innlegget vart lagt inn i Biblioteknytt med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *