Merket

9788202318604

Tittel: Merket
Forfattar: P.C Cast og Kristin Cast
Utgivingsår: 2010
Sjanger: Romaner, Spenning, Vampyr, Fantasy

Merket er den første boka i serien House of Night. Zoey er ei heilt vanlig jente som får ei stor endring i livet når det dukkar opp ein vampyr på skulen hennar som gir ho merket, som gjer ho om til ein vampyr. For og overleve forvandlinga må ho forlate venane, eks-kjærasten og familien og begynne på skulen House of Night, ein skule der det einaste faget ho treng å bekymre seg for er Vampyr 101. Det tek ikkje lang tid før ho får dei nye venane Daimen, Shaunee, Steveie Rae og Erin som presenterer ho for den nye skulen. Det er mykje og ta inn for 16 år gamal Zoey Redbird, spesielt når ho oppdagar at ho ikkje er nokon vanlig vampyr.

Eg valte å lese Merket fordi det var ein veninne av meg som leste boka og anbefalte meg og lese den. Eg valte også å lese boka fordi eg likar vampyr-bøker.

Eg synest boka var kjempe bra og leste den ut på ei veke, og eg kunne ikkje vente til å lese dei andre bøkene i House of Night serien. Det eg likte så godt med boka var at det alltid skjedde noko spennande som gjorde at eg ikkje klarte å leggje frå meg boka. Det er ingen ting eg ikkje likar med boka, House of Night serien er dei beste bøkene eg nokon gong har lest og no held eg på med den 4 boka.

Lese av: Pernille R. Garshol

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *