Kom ikkje inn i mitt hus

9788252181562

Tittel: Kom ikkje inn i mitt hus
Forfattar: Arnfinn Kolerud
Utgivingsår: 2012
Sjanger: Humor

Boka handlar om Vassbygda på nordvestlandet, som er den einaste bygda som fortsatt bruker nynorsk, og ikkje bokmål eller engelsk. Personar som er med i boka er Bendik Uføre, Elena Frø, Lena Uthus, Sylvia, Orm Åkerstein og William Svendsen. Bendik Uføre er ute på oppdrag og kostar støvet av nynorskbrosjyrer på NAV, og Orm Åkerstein har vore på Sørlandet og drepe ein isbjørn i dyreparken. Han gjorde det fordi bjørnen heitte Ivar, og ingen Ivar kan vere meir kjend enn Ivar Aasen. Bendik Uføre får mor si som er syttiseks år gammal, til å søkje på skule kun for å bruke dei nynorske brosjyrane, men ho bestemmer seg like godt for å ta plassen som vert tilbydd henne. Sylvia veddar huset sitt på at Bendik Uføre aldri klarer å få heile Norge til å samle på nynorske diktarkort. Han går med på å vedde sitt hus imot. Dei opprettar ei gruppe som skal finne ut korleis dei skal få det til. Dei finn ut at det luraste er å ha flotte premiar å lokke med.

Eg likte boka veldig godt, fordi den hadde med mykje humor, og det var ei spennande historie, med mykje tull involvert. Den handla om noko som eigentleg er ganske kjedeleg, men forfattaren fekk det til å vere spennande og interessant. Eg vil anbefale alle å lese denne boka, for det er ei god bok. Og at den er skriven på nynorsk er eit stort pluss.

Lese av: Benjamin Bjørkedal

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *