I all evighet

 

9788202284404

Tittel: I all evighet
Gitt ut på engelsk: 2007
På norsk: 2008
Forlag: Cappelen Damm AS
ISBN: 978-82-02-28440-4
Forfattar: Ken Follet
Oversetter: Dag Heyerdahl Larsen
Original tittel: World Without End
Sidetal:1101

Innhald:
I All Evighet går føre seg i eit tidsrom frå 1. November 1327 til November 1361 og byrjar med at fire barn (Ralph, Merthin, Caris og Gwenda) blir vitne til eit drap i skogen utanfor byen Kingsbridge. Riddaren som utførte desse drapa mister handa og søker tilflukt i klosteret. Før han gjer dette grev han ned eit brev, og ber Merthin om å halde dette brevet hemmelig så lenge han får beskjed. Borna veks opp og Merthin og Caris blir saman, Gwenda kranglar med ei anna jente om ein gut og Ralph går i lære hos ein riddar. Merthin går i lære hos ein byggjemeister og er veldig talentfull når det gjeld å bygge store ting, men læremeisteren hans blir sjalu og Merthin får ikkje gå ferdig læretida si.
Det er priorval og Godwyn vinn valet. Han er veldig korrupt og brukar alle pengane sine og nonneklosteret sine på å bygge ting til seg sjølv. Ein dag raser den gamle brua saman og mange menneske døyr. Merthin får oppdraget om å byggje eit nytt, men det er mange som øydelegg for han. Verre er et at Caris ikkje er ute etter noko fast forhold, kjempar for kvineretthigheiter, er i mot kristendommens medisinske metodar og må gå i kloster for å ikkje bli brent på bålet, har ikkje Merthin noko meir å gjere i Kingsbridge. Han reiser til Italia. Midt oppe i alt dette er det krig mellom England og Frankrike og Svartedauden herjar over heile Europa. Dessutan er det mykje som skjer hos dei adelige som har med dette brevet i starten og gjere. Alt er knytt saman i ei unik historie.

Hovudpersonar:
Ralph: Er broren til Merthin og er ganske bøllete, han har som draum og bli Jarl av Shiring
Merthin: Veslebroren til Ralph og går i lære som byggjemeister. Han er talentfull og eigentlig det motsette av Ralph. Han er saman med Caris, men når han dreg til Italia giftar han seg på nytt og får ei jente(Lolla)
Caris: Er dotter av byens oldermann. Ho er vant til å styre seg sjølv og kjempar mot kristendommens regime. På grunn av dette vil munkane brenne henne for kjetteri. Ho må søke tilflukt i kloster og håpar å få realisere draumen sin om eit eiget hospital med medisinar istaden for kristen medisinsk lære.
Gwenda: Bor ute i skogen og for at familien skal tene pengar blir ho selt for ei ku. Ho greier og rømme og etter ein lag kamp mot ei anna jente (Annet) vinn ho sin største kjærleiks hjerte.

Oppsummering: Boka er ein innvikla roman som er så spennande at har du lest ei side må du lese dei 1100 andre. Eg blei veldig knytta til personane i boka, og spesielt når svartedauden kom vart eg lei meg når enkelte personar døydde eller ikkje lykkast med det dei ville oppnå. For å forstå meir av denne boka bør ein lese forgjengaren Stormenes Tid. Den handlinga går føre seg 200 år tidligare og det er ein del samanheng mellom dei. Dette er ei bok eg verkelig kan anbefale til dei som likar middelaldreren og som er interessert i ei lita utfordring.

Lesen av: Linda Høyby Slåttelid

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *