Fredlaus

9788202317027

Bokmelding
Tittel: Fredlaus
Forfattar: Ragnar Hovland
Utgivingsår: 2006
Sjanger: Roman

Boka handlar om den femten år gamle guten Anders, som flyttar heimanfrå når han får høre at foreldra skal skilast. Han tek heilt avstand frå foreldra sine og kallar dei ikkje lenger mor og far, men helder «han som ein gong var far min» og «ho som ein gong var mor mi». Han flyttar ut i skogen og bur i det forlatne huset til dobbel-Aksel som hengte seg. I skogen møter Anders Hilmar frå skogane, dei byrjar å røyke og drikke kaffe saman. Hilmar frå skogane held på å byggje eit kapell for profeten Lasarus som har openbera seg for han, og Hilmar hjelper også mor til Heste-Oskar som bur å åleine inne i skogane. Anders og Hilmar bryt seg til dømes inn i heimen til Heste-Oskar for å ta tilbake pengar han har lurt frå mor si. Anders les mykje, han har slutta på skulen og har ikkje så mykje å ta seg til om dagane, anna enn å finne mat. Der har han ei hjelpande hand; veslesystera hans kjem nokre gongar med det mest nødvendige av forsyningar som pølser og kaffe. Etter at Anders flyttar ut i skogen er det som han har vorte voksen over natta, han er blitt ein man, «ein skogens man» (trur han). Han vil helst leve av det naturen har å by på, men når ein er femten år og har lite skogs-erfaring er nok dette ikkje så mykje. Dessutan er Anders litt redd for skogen, der er mykje farleg og ukjent, og han ser stadig ein skapning med gule, vonde auge ved treet der Dobbel-Aksel hengde seg.

Eg synste boka var bra, den var underhaldande og det var kjekt å lese den. Handlinga er god og forståeleg, sjølv om det heile er urealistisk. Det å flykte frå problema sine er noko mange ønsker, men om ein femtenåring rømde heimanfrå hadde ikkje foreldra latt han/ho vore åleine i skogen eit års tid. Boka egnar seg like godt for leselystne vaksne som for leselystne ungdommar, ein må nok vere ganske interessent i bøker og for å lese heile boka. Det skjer nemleg ikkje så veldig mykje, men måten boka er skrive på gjer det interessant berre å lese det som står der. Når Hovland skriv brukar han ironi, allusjon og symbol. Eit døme på allusjon er at Ander møter ein gut og ei jente som går åleine i skogen. Dei er som Hans og Grete, uønskt og åleine. Det at Hovland bruker mykje ironi og det at hovudpersonen kommentera og diskutera mykje med seg sjølv, gjer at boka kommuniserer godt med lesaren og at den passar for målgruppa, nemleg ungdommar.

Lese av: Elise Høydal

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *